Essay

Kvar kjem vondskapen frå?

January 27, 2026
Kvar kjem vondskapen frå?

Kvar kjem vondskapen frå?
Er mennesket i utgangspunktet godt eller vondt?

Det er nødvendig å stilla dette spørsmålet i dag. I snart åtti år har vi i store delar av verda levd med etiske normer og reglar, med eit moralsyn som har lagt vekt på samarbeid, samhald og fredeleg samliv mellom menneske. Dette verdigrunnlaget har ikkje kome av seg sjølv. Det er bygd fram gjennom smertefulle erfaringar, krigar og øydeleggingar – og gjennom ei sterk erkjenning av kva som skjer når makt, hat og forakt får styra.

Likevel har vi i same perioden sett gong på gong at denne ordenen har blitt broten. Vondskap, maktbegjær og grådigheit har drive menneske i motsett retning – mot ufred, undertrykking og vald. Det tvingar oss til å spørja: Ligg det vonde i mennesket frå naturen av? Eller ber biologien vår i seg både evna til godleik og evna til øydelegging?

Ser vi på verda slik ho er i dag, er det vanskeleg å koma unna at nokre menneske har meir av det vonde i seg enn av det gode. Dei er menneske, som oss alle. Men dei søkjer makt, og dei brukar middel som øydelegg andre menneske sine liv. Dei gjer det ikkje i blinde. Dei gjer det målretta. Makta er målet, og alt anna blir underordna dette.

På den andre sida står det store fleirtalet. Menneske i alle land, i alle delar av verda, som ønskjer samarbeid, rettferd og fred. Dei ønskjer eit samfunn der menneske kan leva saman utan frykt, utan vald, utan undertrykking. Desse eigenskapane – viljen til fred, respekt for andre, evna til samarbeid – er ikkje svake. Dei er sterke. Dei er grunnmuren i eit sivilisert samfunn.

Men også ønsket om rettferd har ei tvitydig side. For rettferdskjensla kan, når ho blir misbrukt eller fordreidd, setja menneske opp mot kvarandre. Ho kan bli brukt som påskot for hemn, for straff, for maktbruk. Det er her skiljet går: mellom rettferd som vern om menneskeverdet, og rettferd som retorisk våpen i makta sine hender.

Slik eg ser det, er drivkrafta hos autokratar og såkalla sterke menn (strongmen) først og fremst viljen til å fremja seg sjølv. Til å setja eigne behov, eigne begjær og eigne ambisjonar over alle andre. Dei toler ikkje grenser. Dei toler ikkje motstand. Dei toler ikkje likskap.

Dette kjem særleg tydeleg til uttrykk i Donald Trump sitt politiske prosjekt. Eg meiner det er openbert at han er i ferd med å omforma det amerikanske samfunnet i autoritær retning. Dersom han får halda fram, vil USA nærma seg eit diktatorisk styre – med klare rasistiske og ekskluderande trekk. Ambisjonen er ikkje å vinna val i open konkurranse, men å sikra at hans eige parti held på makta, uavhengig av valutfall. Tap i demokratiske val er ikkje akseptable for han. Derfor undergrev han systemet innanfrå.

Når han sender føderale styrkar inn i demokratiske delstatar for å provosera fram uro, frykt og vald, er det ikkje tilfeldig. Det er ein bevisst strategi. Ei glidande innføring av autoritært styre. Mange vil kalla det fascisme.

Mange andre vegrar seg for å bruka det ordet. Det gjorde dei også før valet. Det var særleg tydeleg i norsk offentleg ordskifte. Folk ville vera forsiktige, nyanserte, tilbakehaldne. Men det tener berre Trump. Han tener alltid på at vi ikkje kallar handlingane hans ved sitt rette namn. Når vi ikkje set ord på det som skjer, når vi tonar det ned, då opnar vi for at det kan halda fram – verre, råare, meir brutalt.

I denne samanhengen må vi også sjå på utanrikspolitikken og Europas stilling. Europa står i ein farleg situasjon. Stabiliteten som har prega etterkrigstida, er i ferd med å forsvinna. Når europeiske leiarar seier at Europa aldri kan klara seg utan USA, er det ein tveegga bodskap. Ja, det er nødvendig å styrkja forsvaret. Men å spreia ei haldning om at Europa er makteslaust utan amerikansk leiarskap, er å svekkja seg sjølv.

Det signaliserer til autoritære regime at Europa manglar eigen vilje og kraft. Det inviterer Russland og andre aggressive makter til å pressa grensene, til å ta det dei meiner dei har krav på. Det er ei farleg og uansvarleg retning.

Vondskapen kjem ikkje av seg sjølv. Han får fotfeste når han ikkje blir møtt med klår tale, moralsk mot og vilje til å setja grenser. Historia har lært oss dette før. No ser vi det igjen. Spørsmålet er ikkje berre kva mennesket er – godt eller vondt – men kva vi vel å gjera når det vonde reiser seg, ope og utan skam.